Mange har med sjøkart, men ikkje alle kan nytte det, viser ei undersøking frå Gjensidige. Dette kan medføre stor fare og skape mykje usikkerheit for dei som ferdast på sjøen.

- Gjensidige har spurt båtfolket om deira forståing av sjøkart anten på papir eller digitalt. Sjølv om mange svarar at dette kan dei, er vi mest uroa over alle dei som ikkje kan lese og forstå eit sjøkart, seier Arne Voll som er kommunikasjonssjef i Gjensidige.

I Møre og Romsdal svarar 1 av 3 båteigarar (37 prosent) at dei har særs dårleg forståing av sjøkart, medan 61 prosent meiner dei les sjøkart særs godt eller ganske godt.

- Det er Ipsos som har gjort undersøkinga. Den gir et bilete av at det er mykje usikkerheit blant mange av dei som fører båt, seier Voll. Menn meiner at dei har betre kunnskap enn kvinner. Tryggast er dei som er godt voksne mellom 40 og 59.

- Stol ikkje kun på at elektroniske hjelpemiddel som kartplotter, GPS og autopilot alltid fungerar, advarar Voll. Han meiner det er særs viktig å ha ein back-up med papirkart og kompass i båten og kunne bruke disse.

Det er òg viktig å sjå ut av vindauget for å sjekke om kartet faktisk stemmer med sjølandskapet. Voll ber i tillegg alle sjekke ”datostemplingen” på karta. Elektroniske kart oppdaterast oftare, medan papirkart oppdaterast kvart år.

- Det anbefalast på det sterkaste å nytte oppdaterte kart, avslutter han.