Utvalet presenterer fleire forslag til løysingar av finansieringa av NRK i rapporten, men det er ei løysing som har fleirtal i utvalet. I grove trekk går den ut på at kvar husstand skal betale eit bidrag til NRK, uavhengig om ein har ein tv-mottakar.

I forslaget er det tenkt at kvar bueining skal betale eitt bidrag.

La fram rapport:

Johann Roppen, som i tillegg til å vere rektor ved Høgskulen i Volda også er professor i journalistikk, har sidan oktober i 2015 vore ein del av Rimmereidutvalet. Han er oppvaksen på Flø.