Under det siste formannskapsmøtet i Hareid stilte Truls Håbakk (Frp.) spørsmål om korleis det går med den nye sansehagen som er under utarbeiding ved Hareid sjukeheim.

Berit Aasen, som både er konstituert rådmann og pleie- og omsorgssjef i Hareid, kunne opplyse at arbeidet har gått godt framover.

- Men vi måtte vente vel ei veke på noko som skulle gjerast med maskin. Vi er derfor litt forseinka, men ikkje mykje. Ei dør som skal gå rett frå skjerma avdeling og ut i sansehagen skal også setjast inn.   Vi kjem til å invitere heile formannskapet på synfaring når alt er ferdig, og det skal ikkje bli så lenge til, sa ho.

Aasen seier til Vikebladet Vestposten at ho har stor tru på at sansehagen vil bli eit stort pre for dei som bur ved skjerma avdeling.

Pengar frå Ytre Søre Demensforening

- Vi har også fått ein god del midlar frå Ytre Søre Sunnmøre demensforeining. Pengane skal brukast til trivselstiltak for personar med ein demenssjukdom, og vi har kjøpt inn møblar til sansehagen for nokre av desse pengane. Saman med planter, bærbusker og markiser som skjermar for sol, kjem det til å bli ein triveleg stad å vere, uttaler Aasen.