Lågare kraftprisar er hovudårsaka til at Tussa nyleg la fram ein tertialrapport med eit lågare driftsresultat enn til same tid året før.

Driftsresultatet per 1. tertial har sunke frå 70,3 mill. kroner i 2013 til 40,0 mill. kroner i 2014. Resultat før skatt har gått ned frå 55,2 mill. til 24,4 mill.

Selskapet sin eigekapitalprosent er 8,5 prosent lågare enn ved nyttår. Forklaringa er at nettselskapet har gått ut av konsernet og inn i Mørenett AS.

Spotprisen har vore om lag 7,5 øre/kWh lågare enn for same periode i fjor, medan produsert mengde har vore 61,2 GWh høgare.

Finansinntektene per 1. tertial 2014 har auka med 4,2 mill. kr i forhold til 1. tertial 2013.