Politiet fekk natt til søndag melding om at det var mistanke om at ein kar køyrde rusa rundt på ein moped. Ordensmakta rykte ut, og kunne slå fast at mannen ikkje var rusa, men at han hadde eit problem likevel. For mannen var fråteken sertifikatet tidlegare, på grunn av promillekøyring. Så no blir det oppretta ny sak på han.