Ole M. Ellefsen framfor Uræd. Sundag kjem han til Runde Miljøsenter for å fortelje om dramatikk på havet. Foto: Roger Engvik

Komande sundag, den 31. oktober, inviterer Runde Miljøsenter igjen til gratis føredrag kl. 15 ved senteret. Tema blir eitt som mange i regionen vil vere spesielt interesserte i: Ulukker til sjøs.

Ole M. Ellefsen er til dagleg styrar ved Aalesund Museum. Men han er også forfattar, og har skrive fleire bøker om kystens folk og livet på og ved havet. I 2004 kom boka om Ole Brude og mannskapet hans si strabasiøse ferd over Atlanterhavet i det såkalla “Brude-egget”, verdas første overbygde livbåt. Båten er i dag utstilt ved Aalesund Museum.

Ellefsen har også skrive om folk og levemåte ved Hustadvika, og ikkje minst: “Farleg ferd”, som handlar om mange av dei tragiske forlisa ved den lunefulle Sunnmørskysten. Det blir mest det siste han vil fortelje om ved Runde Miljøsenter sundag 31. oktober. Ikkje berre om Akerendam og Arisan, men også om andre forlis, om godt sjømannskap, mannsmot og handlekraft i kamp mot naturkreftene.

Ellefsen er ein engasjert og dyktig forteljar, dette trur vi blir veldig kjekt, spår May Britt Haukås ved Runde Miljøsenter. Ho kan opplyse om at det blir høve til å kjøpe signerte bøker av Ole M. Ellefsen og minner om at det snart er jul.