Frå før har butikkane i Saunesmarka ope til seks, og kjøpesentra ope til sju. No vil òg dei fleste sentrumsbutikkane utvide opningstidene sine. Ved å ha utvida opningstid torsdag og fredag, kan kundane sjølve avgjere når dei vil handle inn til helga. Slik håper dei at fleire vil handle i Ulsteinvik. Greta Overvåg er leiar i den nyoppstarta butikkgruppa til Ulstein marknadsforum. Ho fortel at den utvida opningstida er noko dei har bestemt i Marknadsforumet.