Rådmannen foreslår at han får legge fram ei sak i starten av 2011 om organisering og mandat for oppstart av arbeidet.

Som kjent har kommunestyret vedteke å gå vidare på ei skisse der kulturhuset blir integrert i Hareid Hotell sine utbyggingsplanar ved kyrkja.

Ei arbeidsgruppe for nytt kulturhus i Hareid har skissert ein kultursal på ca. 1.500 kvm og eit totalt investeringsbehov på 45 mill. kroner. Til den daglege drifta har ein sett opp ei halv stilling til vaktmeisterteneste/reinhald i samarbeid med Regius AS / Hareid Hotel og ei tilsvarande halv stilling for ein person som skal vere ansvarleg for booking, utleige og drift m.m.

Rådmannen har rita opp sju punkt som må leggast til grunn i det vidare arbeidet:

1) Innhald, funksjonar og driftskonsept.

2) Planløysing (logistikk, fleksibilitet).

3) Arkitektur, estetisk kvalitet.

4) Teknikk (byggkvalitet og kulturteknisk utstyr).

5) Prosessen (program, open prosess etter "Lov om offentlige anskaffelser", prosess med arkitekt/brukarar m. m.).

6) Mulegheitene for eksterne tilskot frå private/private bedrifter/fylke/stat/kulturråd.

7) Drift, årlege kostnader og inntekter, t.d. dei førte fire åra.