Eiksundsambandet vart opna i februar 2008. Då var håpet at sambandet skulle vere bompengefritt i 2023. Men langt fleire bilar enn venta har køyrt gjennom dei undersjøiske tunnelane, og i mai i fjor melde Vikebladet Vestposten at sambandet kunne vere nedbetalt alt i 2015.

I år ligg det an til ein rekordtrafikk på 650.000 bilar gjennom Eiksundsambandet.

Svein Nærø, dagleg leiar i Eiksundsambandet as, seier til avisa Møre-Nytt at det no ligg an til ei nedbetaling i 2013.

Dei seks første månadene i år var det ikkje trafikkvekst. Auken har kome dei siste månadene. I juli var auken på 8,6 prosent med 52,420 bilar gjennom sambandet, i august køyrde 59.280 bilar gjennom tunnelane og i september var auken på 7,5 prosent (58.837 bilar).

Stadig meir bilkøyring – og eit løft i yrkestrafikken etter sommarferien 2010, er ei vesentleg forklaring på auken.