Rem Offshore og Åge Remøy har dermed god margin på den retta emisjonen. Reiarlaget frå Fosnavåg som vil på børsen mot slutten av månaden, hadde som mål å få inn 150 millionar kroner. I dag (måndag) skal styret tildele og fastsetje den endelege teikningskursen. Den store interessa inneber at det vil bli ei monaleg avkort for fleire av teiknarane. Minstepotten vart sett til 500.000 kroner, og kapitalutvidinga var på førehand tilrettelagt som ein bookbuilding-prosess med eit brisband på mellom 38 og 44 kroner per aksje. Skipsmeklar-vurdering på verdien av dagens flåte og nybyggingskontraktane på Kleven Verft og Simek i Flekkefjord, gir ein verdijustert eigenkapital på 45 kroner aksja, tilsvarande 1,6 milliardar før emisjonen. Åge Remøy seier til Dagens Næringsliv at reiarlaget ikkje har bruk for meir enn dei 150 millionane som dei bad om. Saman med eit nytt obligasjonslån sikrar det finansieringa av nybyggingsprogrammet som Rem er i gang med. Rem Offshore blir det åttande supplyreiarlaget som kan handle på Oslo Børs. Frå før av er to andre forsyningsreiarlag frå Sunnmøre på børs; Farstad Shipping i Ålesund og Havila Shipping i Fosnavåg.