Lars-Petter Rønnestad i Hødd Fotball. Foto: Andreas K. Rasmussen

- Dei frivillige i Hødd gjorde ein kjempejobb i sesongen 2011, og lyfta kamparrangementa på Høddvoll opp på eit nytt nivå, kommenterer Hødd på heimesidene sine.

Beste arrangør er kåra ved at NFFs delegatar, som er på kvar seriekamp, har gitt ein karakter på ein skala frå 1 til 10 ut ifrå eit heilskapsinntrykk av arrangementet.

Snittkarakteren til Hødd vart så høg som 8.06. Det heldt altså til 5. plass. Hønefoss vann med ein snittkarakter på 9.00. Sandefjord og Kongsvinger følgde på dei to neste plassane.

Snittkarakteren i Adeccoligaen samla var på 7.50.

– Hødd har fått gode tilbakemeldingar frå delegatane for sine kamparrangement, og klubben er klar til å ta nye steg komande sesong, slår Hødd fast på heimesidene sine.

60 frivillige frå kommunane Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Volda og Ålesund har oppgåver som vakter og vertar på heimekampane.

– Kan du tenkje deg å jobbe som frivillig på årets heimekampar, så er du hjerteleg velkomen! Det er både kjekt og sosialt, og du får god opplæring i arbeidsoppgåvene dine, seier Lars-Petter Rønnestad i Hødd Fotball. Han kan kontaktast på e-post: lars.petter@hodd.no eller tlf. 70 00 99 91.