Framgangen blir forklart med eit sterkt fokus på eit variert tilbod for skuleklassar, tilreisande og heimemarknaden.

Det har vore ein fin auke i turistar som stikk innom dei ulike musea. Spesielt fleire cruiseturistar vel å dra på musea på eiga hand. I tillegg har det vore nesten ei dobling i talet på besøkande frå cruisebåtane som er med på dei organiserte turane i området, der musea er ein del av fleire attraksjonar.

Satsinga på tilpassa opplegg for skular har vore ein så stor suksess at nokre av musea til tider har sett seg nøydde til å takke nei på grunn av for stor pågang. Arrangementet «Smak av Kystkultur» er eit av fleire døme på dette, der 600 elevar melde seg interesserte til dei 300 plassane som var til rådevelde.

Dei ulike musea i stiftinga ser også ei aukande interesse for det gamle handverket. Ventelister på kurs som eksempelvis skinnsaum, møbeltrekking og lefsebaking syner dette, heiter det i pressemeldinga.