Laushund i Ulsteinvik

Fredag ettermiddag fekk politiet inn melding om ein laushund i Ulsteinvik. Politiet freista finne ut kven som er eigaren til hunden, for å få tak i han, men utan hell. Dei lot så hunden få vere i fred og håpte han fann vegen heim på eiga hand. Det har han kanskje gjort, politiet har ikkje fått inn fleire klagar om hunden.

Utan sko

Laurdagskvelden var det ei tydeleg rusa jente i slutten av tenåra som rusla rundt i Ulsteinvik sentrum utan sko. Politiet kontakta føresette, som kom og tok hand om jenta.

Falsk alarm

Laurdagsnatta fekk politiet melding om lekamsskading i Ulsteinvik. Det skal ha vore slåstkamp der ein fekk slått ut nokre tenner. Men då politiet rykka ut var det berre to karar som stod og skubba litt på kvarandre. Ingen hadde slått ut tennene og ingen av dei var skadde. Og ingen av dei ville melde kvarandre til politiet. Så då vart det inga sak oppretta.

Fyrverkeri frå bil

Natt til sundag vart det fyrt opp fyrverkeri frå ein bil i Ulsteinvik. Politiet var vitne til hendinga og pågreip gjerningsmannen for ulovleg og aktlaus bruk av fyrverkeri. Gjerningsmannen var i slutten av 20-åra og bur i Hareid.