Det nyoppretta Vinjefondet deler i år ut minst 800 000 kroner til nynorsktiltak innan pressa. Nynorsk kultursentrum har fått i oppdrag frå Kulturdepartementet å forvalte fondsmidlane, og etterlyser no handlingsretta tiltak som styrkjer journalistikk på nynorsk og kan medverke til større rekruttering av nynorskbrukande journalistar.

– Vinjefondet skal gjere det lettare å vere nynorskbrukar, vere med og gjere nynorsk til eit sjølvsagt språk i alle typar media, og stimulere utgivarar og redaktørar til å engasjere og tilsetje fleire nynorskbrukarar i ulike media, seier administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum, Magni Hjertenes Flyum.

Vinjefondet vil ha årlege tildelingar, og vil ved kvar tildeling konsentrere innsatsen om nokre få, større prosjekt. Dette kan mellom anna vere praktikantordning og praksisplassar, tiltak som styrkjer språkleg kompetanse og sjølvtillit, ulike former for etterutdanning, og tiltak retta mot fast tilsette, frilansarar eller journaliststudentar.

– Det er viktig at tiltaka det blir søkt om midlar til er handlingsretta, at det når mange lesarar, lyttarar eller sjåarar, og det må gjerne vere eit medium eller ein sjanger der nynorsk i dag er lite brukt, seier Hjertenes Flyum, som også er leiar i fagrådet for Vinjefondet.

Med seg i fagrådet har ho Tomas Bruvik (Kvinnheringen), Aagot Opheim (Adresseavisa), Lars Arve Røssland (Universitetet i Bergen) og Sverre Liestøl (Høgskulen i Volda).

Vinjefondet skal unngå overlapping med andre støtteordningar, t.d. tidsskrift og periodiske publikasjonar i Norsk kulturråd, forskingsprosjekt i Rådet for bruksretta medieforsking og film i Norsk filminstitutt. Søknader om reisestipend eller innhaldsprosjekt av typen artikkelseriar og tv-seriar blir ikkje prioriterte.

Søknadsfristen er 15. november i år, og ein tek sikte på tildeling av midlar medio desember. Meir informasjon og søknadsskjema er å finne på www.aasentunet.no/vinjefondet