Det har vore halde fleire møte mellom Ulstein vgs. og Ulstein Eigedomsselskap KF, som er det kommunale eigedomsselskapet.

Til dei mange elevane ved idrettslina treng skulen fleire dusjrom, garderobar, og areal for trening, spinning og dans. I tillegg er slitasjen i bygget stor, så skulen meiner at bygget må renoverast. Mellom anna skriv dei taket tidvis lek som ei sil.

Kommunen er inne i ein prosess med å redusere kostnader og ser seg ikkje syn med å ta kostnadene. Eigedomsselskapet kan ikkje utføre prosjektet utan at kommunen har bede dei om det.

Ulstein vgs. hevdar dei har betalt ned Ulsteinhallen gjennom fleire år som leigetakarar.

No har skulen sendt brev der dei ramsar opp kva dei meiner må gjerast med hallen. Dei er redde idrettslina i Ulstein sakkar akterut jamfør andre skular med idrettsfag om det ikkje skjer noko med treningstilhøva.