Det er to år sidan den kommunale kinoen Sjøborg opna i Ulsteinvik og det er på tide å evaluere korleis drifta/organiseringa har vore. Kultursjef Leif Ringstad oppsummerer at det har gått godt. Han hevdar ar kinoen har etablert seg som det viktigaste kinotilbodet på ytre søre Sunnmøre, og det beste kulturtilbodet i Ulstein kommune. Kinoen har hatt omlag 20.000 besøkjande i 2009. Kinosjef Kristine Brungot er til sett 50 prosent som kinosjef, i tillegg er det kinomaskinistar og kioskpersonale. Drifta ved kinoen gjekk i 2008 om lag i balanse. I samband med handsaminga av økonomiplanen for 2009–2012 vart det godkjent eg investering i nytt digitalt utstyr ved kinoen. Digitaliseringa er framleis ikkje gjennomført. No lurer kulturkontoret på om dei burde ha investert i utstyr som kan syne film tredimensjonalt (3D). Dette er noko politikarane må ta stilling til når dei skal handsame neste års budsjett. Positive til 3D Medlemen i Ulstein formannskap var fulle av lovord over Sjøborg kino då dei skulle handsame rapporten. Fungerande ordførar Olav Sæter (KrF) lurte på om det kunne vere mogleg for kinoen å ta investeringane innanfor eige budsjett. Men Knut Erik Engh (Frp) tok til orde for å bruke pengar til 3D-utstyr ved kinoen. Han meinte at folk er villige til å reise langt for å få ei god filmoppleving. Ivar Mork (Ap) meinte òg at det er viktig at kinoen følgjer opp med moderne teknologi, for at ikkje folk skal miste interessa for kinoen. Gry Nordal (KrF) slutta seg til rosen og oppmoda kinoen til å tenkje meir på nisjefilmar framover, som nattkino og liknande. Smale kvalitetsfilmar Morten Feiring (SV) etterlyste fleire smale kvalitetsfilmar, noko som kan gå utover det gode driftsresultatet til kinoen. Kultursjef Leif Ringstad svara at dei har prøvd å få tak i nokre såkalla kvalitetsfilmar, men marknaden for desse filmane har ikkje vore så stor. Olav Sæter uttalte at han er ein sterk tilhengjar av kommunal kino for å unngå kommersialisering, men få eit breiare utval av filmar. Det er ein offentleg viktig oppgåve. Då var Engh raskt ute med å leggje til at han ikkje har noko i mot smale filmar, men det må ikkje gå på kostnad av god drift.
Nyhende →
Politikarane skrytte av Sjøborg
Formannskapsmedlemene i Ulstein var fulle av lovord over den kommunale kinoen. For å oppretthalde det gode nivået meiner dei det rett å investere i ny teknologi.