- Dette er ein unik sjanse til å samle bedrifter til felles fagleg påfyll og lodde stemninga for nærare samarbeid mellom det maritime næringslivsmiljøet på Sunnmøre og på kysten av Nordfjord og Sunnfjord, heiter det i pressemeldinga. På programmet står presentasjonar av Maritimt Forum Nordvest, Ulstein og den maritime klynga på Sunnmøre og dei maritime bedriftene i Vågsøy. Innleiarar vil vere dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest, Arnfinn Ingjerd, teknisk sjef i Ulstein Group, Håvard Stave, og dagleg leiar i Måløy Vekst, Alfred Bjørlo. Maritime bedrifter i kommunane Vågsøy, Bremanger, Flora, Førde, Naustdal, Selje, Vanylven og Eid er inviterte til å delta. Før møtet vert det omvisning på Sikkerheitssenteret og muligheit til å teste simulatoren.