På Haddal skule vart det ein litt spesiell skulestart i år. Frå no av er skulekrinsen i Eiksund og Haddal slått saman til ein krins. Elevane frå Eiksund blir sende med buss til Haddal skule. Ida Amalea Furseth er den einaste førsteklassingen frå Eiksund denne hausten. Ida Amalea fortel at ho har gått i Blåtinden barnehage like ved Haddal skule, så ho er godt kjent i området. - Kva gler du deg mest til med å byrje på skulen? - Køyre buss, svarer førsteklassingen etter å ha tenkt seg litt om. Ho forklarer at det er så artig å sitje heilt bakarst i bussen når han svingar. Mora seier ho ikkje har noko i mot å sende jenta med bussen. Det var god stemning i klasserommet til første- og andreklassingane på Haddal skule då Vikebladet Vestposten var innom første skuledag. Elevane verka spenna klare til å ta i mot kunnskap frå kontaktlærar Silje Falk.