Fristen for utføringa var i utgangspunktet sett til 31. desember 2005. Men same året kom det nye forureiningsreglar frå EU, noko som førte til at kommunen fekk utsett frist. Området er regulert til føremålet og tomta er tidlegare innløyst. Kostnadene med utbygginga av nytt reinseanlegg vart for 2-3 år sidan stipulert til om lag 6,5 millionar kroner. Men etter prosjektet har vone lyst ut til tilbod, syner det seg at prosjektet blir dyrare enn venta. Det var lite rift om prosjektet, og ny pris er sett til 9,12 millionar. Det er framleis ikkje alt som er avklare, så rådmannen rår Ulstein kommunestyre til å godkjenne ei kostnadsramme på 9,2 millionar. Kommunen har i dag 7 millionar kroner disponibelt til prosjektet. Dei må såleis ta opp eit lån på 2,2 millionar kroner i tilegg. Saka skal opp på møte i teknisk utval onsdag 15. august, før ho går vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd.