Ulstein brannvesen hadde 71 utrykkingar i 2009, mot 63 året før. Dei fleste utrykkingane er unødige utrykkingar ved automatiske alarmar.

Kommunestyret har innført gebyr for slike unødige alarmar, utan at det har resultert i færre utrykkingar så langt. I 2008 var det 29 slike utrykkingar, i 2009 var det 33.

Utrykkingane spreier seg på mange ulike hus, så der er ingen “storsyndar”. I årsmeldinga til Ulstein brannvesen skriv dei at direkte tilknyting til 110-sentralen i Ålesund er positiv personsikringsmessig, og det er det viktigaste. Etterkvart som fleire knyter seg til 110-sentralen med direkte varsling, reknar dei med å få fleire falske alarmar.

17 av utrykkingane var i samband med trafikkuhell/ulukke, mot 16 året før.