Bilturen frå Volda til Moa via Rjåneset er 20,3 kilometer kortare og 14 minutt raskare enn Volda-Eiksund-Hareid-Moa.

Dei eksakte tala for dei to køyrealternativa er slik:

Volda-Moa via Rjåneset: 54 km (41 minutt).

Volda-Moa via Hareid: 74,3 km (55 minutt).

Ørstaordførar Gudny Fagerhol seier til Møre-Nytt at det tidlegare har vore argumentert med at det var berre 3 minutts skilnad på dei to alternativa. Dei nye tala blir derfor eit viktig moment når Stortinget skal ta stilling til kvar stamvegen på Vestlandet skal gå, meiner ho.

Prosjektleiar Kjell Kvåle i Statens vegvesen skal leie arbeidet med den varsla konseptvalutgreiinga av E39 mellom Ålesund og Skei. Han seier at reisetid, avstand og avstandskostnad som ferje og bompengar vil bety mykje på ein Europaveg.