I lang tid har det berre vore lydar av drill og hammar i Reitenanlegget. Denne veka kunne endeleg kulturskulen ta i bruk sine lokale. No er det vakre tonar og musikk som fyller romma. Elisabeth Skaar Hasund (18) var ein av dei første elevane som fekk øve på Reiten. – Førsteinntrykket er veldig bra. Det er nytt og fint her, seier Elisabeth. Tidlegare har dei halde til på Ulsteinvik barneskule, og det har vore trongt om plassen. Elisabeth synest det er bra at dei no har fått større plass. – Eg trur det betyr aller mest for lærarane, men det er bra for heile kulturskulen at vi no har fått vår eigen stad, meiner ho. Elisabeth har spelt fiolin i 13 år. Ho går no inn i sin siste vår ved kulturskulen i Ulstein. Til hausten skal ho flytte vekk for å gå på skule, men det vert nok mange andre elevar som får glede av den nye kulturskulen i framtida. Flytta før jul Rektor ved Ulstein kulturskule, Astrid Dagestad, ser på dette som eit løft for heile kulturskulen. – Eg synest lærarane har fortent dette, og det vil nok også vise igjen på elevane, seier ho. Kulturskulen avlyste undervisninga den siste veka før jul for å få flytta. – Det har eigentleg gått veldig greitt. Vi har igjen ein del større ting som til dømes piano og kopimaskin, men det kjem etter kvart, fortel Dagestad. Data og fasttelefon får dei først i midten av februar så inntil vidare legg dei ut informasjon på kulturskulen si heimeside. Rektoren synest dei har fått det kjempefint i dei nye lokala. Tidlegare hadde vi berre to rom på barneskulen, og det var svært trongt. No har vi ti undervisningsrom, dansesal og etter kvart skal vi også disponere gymsalen, seier Dagestad. Kulturskulen vil ha behov for litt forskjellig i tida framover. – Tidlegare hadde vi berre to rom. No har vi fleire rom å fylle. Alle vil nok forstå at det trengst litt av kvart. Det kan vere alt ifrå lydanlegg til korketavler, fortel ho. Førebels er det litt tomt på veggene, men planen er at formingsklassene skal få lov til å utsmykke den nye kulturskulen. Avstand inga hindring Tidlegare har elevane hatt kort veg frå klasserom på skulen til undervisning i same bygg. Rektoren trur ikkje avstanden til Reiten-anlegget vil verte noko problem. – Det er nokre som har snakka om den lange vegen, men i realiteten er det snakk om 700 meter. Det at Hødd sine aktivitetar er på Høddvoll har ikkje gått ut over interessa for klubben. Det trur eg heller ikkje det vil gjere med oss, seier Dagestad. Opningskonsert i mars Gymsalen skal etter planen vere ferdig i mars. Då vil kulturskulen ha ein opningskonsert. Dagestad spår ei lys framtid for kulturskulen. – Eg synest vi fekk til mykje når vi var på barneskulen. Vi hadde til dømes store oppsetjingar på Sjøborg. No må målet vere at vi skal få til enno meir, smiler Dagestad.

Lærar Nadja Demirova og Elisabeth Skaar Hasund (18) øver på Reiten for første gong.