Herøy kan dermed bli hardt råka av kommunestreiken. For 20 tilsette vart tatt ut alt fredag 28. mai.

Tilsette i Hareid og Ulstein kommune er ikkje tekne ut i strek.

På Herøy kommune sine heimesider kan vi lese om kva konsekvensar streiken vil ha i kommunen.

Skule:

30 assistentar i skule og SFO er frå onsdag morgon ute i streik. Nokre elevar med enkeltvedtak og særlege behov vil misse tilbodet sitt. Konsekvensen er at dei må vere heime. Andre vil få eit redusert tilsyn.

SFO?i Einedalen, Bergøyøy, Stokksund og Moltu vert stengde frå og med onsdag morgon. Alle skular/SFO vil informere heimane gjennom oppslag på SFO og gjennom brev som elevane får med seg heim.

Reinhaldarar ved 6 skular vil frå onsdag morgon bli tekne ut i streik. Rektor vil fortløpande vurdere kva tid mangel på reinhald må medføre stenging. Munnleg eksamen ved Stokksund skule onsdag2. juni og Ytre Herøy ungdomsskule torsdag 3. juni vil gå som normalt. Barnehagane vil få avgrensa opningatider.