Ditt Distrikt blir i desse dagar delt ut til alle husstandar og bedrifter i Eid, Gloppen, Hareid, Herøy, Hornindal, Sande, Selje, Stryn, Ulstein, Vanylven, Volda, Vågsøy og Ørsta. Til saman distribuerast det 33 000 katalogar i området. Sidan 1990 har Ditt Distrikt gjennomført ein teiknekonkurranse for å finne ei fin teikning som kan pryde framsida av katalogen. Teiknekonkurransen er for sjetteklassingane i området. I fjor var det ein elev frå Bigset skule i Hareid som vann teiknekonkurransen, og i år var det ein elev frå Hjørungavåg skule i Hareid. Lærar Kirsten Overå til klasse 6a ved Hjørungavåg skule har ikkje noko forklaring på kvifor det er elevar frå Hareid som ofte vinn denne konkurransen. Når ho tek ei handsopprekking i klassen på kven som har delteke i konkurransen i år syner det seg at det er nesten heile klassa. Årets tema var å teikne fritidsaktiviteten sin. Teikninga til Elise syner ein glad jentegjeng som kosar seg mellom trea rundt eit bål. Og sjølvsagt skin sola frå ein skyfri blå himmel. I tillegg til å få æra av å pryde Ditt Distrikt vann Elisa ein mp3-spelar, og klassen fekk ein pengepremie på 2000 kroner. Det er ikkje første gong Elisa Folgerø Sandnes vinn ein teiknekonkurranse. Då ho gjekk i andreklassen teikna ho omslaget til 17. mai-brosjyren. Men Elisa røper at ho eigenleg ikkje er så glad i å teikne, så ho har ingen planar om å bli teiknar. Klasse 6a feira sigeren med bollar og brus. På spørsmål om kva dei liker best å teikne svarer gutane kjapt fotball, bilar og båtar. Svaret frå jentene sit litt lenger inne. Men når dei får tenkt seg litt om svarer dei at dei godt liker å teikne dyr og menneske og alt slikt.
Nyhende →
Teikning frå Hjørungavåg vann
Atter ein gong skal ei teikning frå Hareid pryde framsida på telefonkatalogen Ditt Distrikt. Denne gongen var det Elisa Folgerø Sandnes frå klasse 6a ved Hjørungavåg skule som vann.