Riggen vil kranse om nesten heile Nordea-området. Innanfor gjerdet vil det straks kome kraner, konteinarar, brakker, gravemaskiner og anna som trengst under byggjeprosessen. Pergunn Gjerdsbakk, driftsansvarleg i Ulsmo Eiendom, opplyser at det vil bli sett opp ein del gangkontainarar som skal sikre kundar og andre gåande sikker ferdsel til og frå Blåhuset, bygget til Overvåg og Vikebladet Vestposten. Pefo, Ringstad Blomster og Sentrumspassasjen vil ha fri ferdsel.

Alle parkeringsplassar i Blåhuset blir frigjorde

I den augneblinken riggen blir sett opp, forsvinn dei mellombelse parkeringsplassane som har vore på Nordeatomta dei siste månadene. Gjerdsbakk opplyser at alle dei 40 parkeringsplassane som er reserverte i Blåhuskjellaren frå same tidspunkt til bli frigjorde til bruk for handlande. Alle som har sitt daglege arbeid på Blåhuset har blitt oppmoda om å parkere bilane sine andre stader. Bak Samfunnshuset ligg der ein parkeringsplass som blir lite brukt og på rådhusplassen er der også ein del ledige parkeringsplassar, tipsar Gjerdsbakk. Ho opplyser at dei også jobbar med å få løyve frå Vegvesenet til å bruke deler av området som no er utfylt på sørsida av Sjøgata til mellombelse parkeringsplassar. Det er rekna med at utbygginga av Blåhuset vil take eit år, og at bygget skal vere innflyttingsklart 1. mars 2008. Bygget blir om lag like stort som dagens Blåhus, og når byggetrinn to står klart rår Blåhuset over eit 12.000 kvadratmeter stort butikkareal. Totalt blir bygget på 16.000 kvadratmeter. I dei to første etasjane blir der butikkar og i 3. etasje blir det kontor. Nybygget får også ein 4. etasje der Nordea skal inn med all si verksemd, frå kundemottak til rådgjeving. Sporstøl Arkitekter er arkitektar også for byggetrinn to, og KN Nordang er hovudentreprenør.

32-35 butikkar

Det nye bygget blir tru mot dagens Blåhus, og vi synest det blir eit flott bygg. Saman med hotell- og kulturhuset vil Blåhuset bli ei bygg som vekkjer oppsikt når folk entrar Ulsteinvik, meiner Gjerdsbakk. Ulsmo har lagt vekt på at bygget skal bli vakkert. Det skal blant anna lagast ei utvendig, lyssett glasheis som skal føre kundane rett opp i fjerde etasje til Nordea, og glansinga i dagens Blåhus vil bli vidareført i det nye bygget. I dag er det 15 butikkar i Blåhuset, når nybygget er ferdig vil der vere ein stad mellom 32-35 butikkar. I tillegg kjem altså kontora i heile tredje etasje. Der kjem til å kome mange spennande nye butikkar, men kva slags butikkar dette blir kan eg ikkje røpe enno. Det må vere ein løyndom inn til vidare, seier Gjerdsbakk. Ho opplyser at interessa for å etablere seg med butikk i Blåhuset har vore god. Mange etableringsansvarlege rundt om i landet har merka den den positive utviklinga i Ulsteinvik. Når utbygginga er ferdig vil Blåhuset ha i underkant av 80 parkeringsplassar i kjellaren, i tillegg jobbar leiinga i Ulsmo Eiendom med løysingar som kan skaffe endå fleire parkeringsplassar i Ulsteinvik sentrum.

Ulsteinvik styrkjer posisjonen som handelssenter

Utbygginga er kostnadsrekna til 120 millionar kroner. Sjølv om Blåhuset skal konkurrere med Amfi Ulsteinvik i Brattøra, fryktar dei ikkje at det skal bli for mange butikkar i Ulsteinvik. Vi har trua på Ulsteinvik, som stadig har styrka posisjonen sin som handelssentrum i regionen. Med så mange spennande butikkar vil totaliteten i tilbodet trekkje endå fleire kundar hit. Gjerdsbakk opplyser at dei vil leggje vekt på at Blåhuset skal bli eit senter med god atmosfære og eit utval for alle. Fellesområda skal bli trivelege, og der kjem også nye spiseplassar. Vi skal skape eit kjøpesenter som er litt utanom det vanlege. Kundane skal oppleve noko, bli overraska på ein positiv måte når han kjem inn. Der skal bli ein miks av gode, små spesialbutikkar, lokale butikkar og kjedebutikkar, slår Pergunn Gjerdsbakk fast.