Teknisk utval vedtok på møte 11. april i år at dei ville starte opp reguleringsarbeid i samsvar med kommunedelplanen for Ulsteinvik i området, slik at kommunen har byggjeklare tomter i løpet av 2008. Kommunen hadde møte med grunneigarane i 15. mars i år. Etterpå var det annonse om oppstart i lokalavisa, og det vart sendt melding til grunneigarar og offentlege høyringsinstansar. Kva det eventuelt nye byggjefeltet skal heite, er ikkje klart.

Ut på høyring

Teknisk sjef rår til at reguleringsplanen med føresegner for Hofset og Vik Utmark, datert 31. juli 2007, blir lagt ut til offentleg ettersyn. I samband med utlegginga skal det òg hentast inn forslag til namn på både feltet og på vegane. Saka blir lagt fram for teknisk utval i Ulstein onsdag 15. august 2007.