Med utgangspunkt i ein heller regntung sommar undra vi sist veke på om folk ville sikre seg litt solskinn og difor la planar om sydentur til neste år. 48,3 prosent av dei som har svart har faktisk planar om å reise til Syden neste sommar. 51,7 prosent har andre reisemål eller planlegg å halde seg heime. I alt har 178 avgitt svar. Det vert av og til reist spørsmål om klimakrisa er så alvorleg forskarar og miljøvernarar vil ha det til. I eit debattinnlegg i tysdagsavisa kallar Gunnar Saunes klimakrisa for "århundrets bløff". Kva meiner du - er klimakrisa berre ein bløff? Registrer svaret ditt på www.vikebladet.no.