Det skjer på bakgrunn av at helse- og omsorgsminister, Anne-Grete Strøm-Erichsen, har oppnemnt nytt styre for Helse Midt-Noreg i dag. – Det vert utfordrande og mykje å setje seg inni, men veldig spanande, understrekar hareidspolitikaren som har sete i styret til St. Olavs Hospital i nesten fire år, men i dag måtte gå av på grunn av den nye rolla ho er valt inni. FOR TIDLEG Ho tykkjer det er for tidleg å fortelje om kva ho vil setje fokus på i arbeidet som nyvalt styremedlem, men forsikrar om at ho lovar å gjere sitt beste som representant i styret, og vil aktivt arbeide for eit best muleg helsetilbod for alle innbyggjarane som Helse Midt-Noreg dekkjer. DET OVERORDNA ANSVARET Styret har ansvar for at helseføretaket gir gode og likeverdige spesialhelsetenester til folk i regionen, uavhengig av alder, kjønn, bustad, økonomi og etnisk bakgrunn. Styret har også ansvar for at dei når dei helsepolitiske måla innanfor dei økonomiske rammene som Stortinget har vedteke, og at ressursane vert brukt mest muleg effektivt. BAKGRUNN Perny Ann Nilsen arbeider for tida som avdelingsleiar for Temp Team i Ålesund. Det er ei rekruttering- og bemanningsbedrift som dekkjer Sunnmøre. Ho har vore politisk aktiv sidan 1999, og sit som partileiar i Hareid Frp og som gruppeleiar for partiet i kommunestyret. REPRESENTANTANE Det nye styret i Helse Midt-Norge RHF består av følgjande styremedlemmer: Kolbjørn Almlid (leiar) Toril Hovdenak (nestleiar) Perny Ann Nilsen (Frp) Olav Georg Huseby (Ap) Asmund Kristoffersen Kirsti Leirtrø (Ap) Merethe Storødegård Joar Olav Grøtting (H) Jan Magne Dahle (SV) Tilsetterepresentantar: Ellen Marie Wøhni Ingegjerd S. Sandberg Bjørg Henriksen Ivar Gotaas

Perny Ann Nilsen er valt inn som medlem i styret til Helse Midt- Noreg (Arkivfoto).