Siem Offshore har kontrahert 14 skip ved Kleven Maritime, pluss to opsjonar. Fristen for opsjonane går ut i oktober, og mykje tyder på at dei vert iverksett. Då har Siem-reiarlaget tinga skip for 8 milliardar kroner ved Kleven Maritime. Det siste skal leverast i slutten av 2010, og byggjeprogrammet blir fordelt mellom Kleven Verft og Kleven Myklebust. Totalt har Siem Offshore 25 skip under bygging. Konstruksjonsfartøyet "Siem Swordfish" er nummer to i rekka frå Kleven, og vart kontrahert våren 2006, på eit tidspunkt då prisane framleis var bra for reiarlaga. Prislapp på skipet er om lag 400 millionar kroner. I utgangspunktet skulle skipet leverast frå Kleven Verft i juni i år. Men midt i byggjeprosessen fekk reiarlaget ein femårskontrakt med det amerikanske selskapet Veolia, og dermed måtte skipet byggjast om ein del. I forhold til den nye leveringsdatoen er verftet om lag 14 dagar forseikna. Dette fordi kranleverandøren ikkje har klart å levere ekstrautstyret til rett til. Når kranen er på plass, skal Siem Swordfish til Mexicogolfen for å rydde opp blant anna etter herjingane frå orkanen Katharina. Når dei fem åra er omme har Siem tent inn kostnadene på skipet. Skipet har moonpool, 140 og 70 tonns kraner, helikopterdekk og er spekka med utstyr for undervassoppdrag. Og det er nettopp kranene og det andre avanserte utstyret om bord i skipet som gjer at Veolia og underleverandøren Chevron har leigt inn Siem Swordfish til oppdrag i Mexicogolfen. Skipet blir av dei mest avanserte i golfen. Geir Sindre Steinnes har vore prosjektleiar under bygginga på Kleven.

For høgt byggjetempo

Kristian Siem, som er styreleiar og største aksjonær i Siem Offshore, seier til Vikebladet Vestposten at årsaka til at han har kontrahert så mange skip hos Kleven Maritime, er at han kjenner seg trygg på at dei leverer kvalitet og er blant dei mest punktlege på leveringstid. Men han torer ikkje love same takta på tingingane i tida framover. Det er så avgjort ikkje berre Siem Offshore som har vore kontraheringsivrige dei siste åra, og Kristian Siem begynner no å bli litt uroa over om tilbodssida kan bli for stor. Dersom vekten i offshoreflåten held fram i same tempo som i dag, fryktar Siem at marknaden kan rause. Ordrebøkene til Kleven Maritime, Kleven Veft og Kleven Myklebust, er fulle ut 2010. Administrerande direktør Ståle Rasmussen opplyser at trykket i marknaden er stort framleis, men at han er spent på kva som vil skje utover i 2011. Men skyer på himmelen la ingen dempar på humøret innover Geirangerfjorden laurdag. I forkant av namnegjevingsseremonien spelte Charlie Siem, son til Kristian Siem, vakkert på fiolin. Akkompagnert av pianisten Anastasia Voltchok framførte han tre komposisjonar av Grieg så vakkert at ingen kunne unngå å bli rørt.Siem jr. studerer musikk i London, og blir rekna for å vere svært talentfull. Under "Friaren" stoppa skipet opp, og gudmor Kim Berge knasa champagneflaska kontant og erklærte at namnet var "Siem Swordfish". Gudmora er gift med Mark Berge, direktør i Veolia.