(Møre-Nytt): Bakgrunnen er eit møte mellom ordførarane på Søre Sunnmøre i Ørsta før helga, der det kom på bordet uro for konsekvensane av kostnadssprekken på Nordøyvegen. I eit intervju med Møre-Nytt uttalte både ordførarane i Ulstein og Volda at dei ønskjer å vurdere om Nordøyvegen bør utsetjast.

– Prosjektet legg ei klam hand over utviklinga i heile fylket, sa ordførar Jørgen Amdam i Volda.

Utsegna har utløyst ein e-post til Jørgen Amdam, frå ordførar og partifelle Oddvar Myklebust i Sandøy.

«Må sei rett ut det var med stor skuffelse og ikkje lite sinne eg las om samlinga av ordførarar frå Søre luten», skriv Myklebust innleiingsvis.

Og vidare: «Det er også med undring vi i nye Ålesund ser egoismen som rår i Søre luten. Om det er omkampar som er agendaen så er det berre å stå på, vi har mange slike kampar å kjempe, ikkje minst på sjukehussida. Reknar med at Volda er avhengig av ein velvillig nye Ålesund kommune.»

Partifeller

Myklebust går og til åtak på Jørgen Amdam personleg: «Nei, Jørgen Amdam, det var meir å forvente av ein professor med kunnskap om samfunnsbygging og samhold enn det du forfekta i møtet på Søre luten. Sjå til din kollega i Ørsta.»

Myklebust siktar her til Ørsta-ordførar Stein Aam som uttalte at det neppe er mogeleg å reversere bygginga av Nordøyvegen, som ligg an til å bli ein milliard kroner dyrare enn først rekna med.

Skapte bølger i Volda

Jørgen Amdam orienterte tysdag formannskapet i Volda om e-posten frå Sandøy-ordføraren. Avisa Møre skriv at politikarane i Volda oppfattar dette som ein trussel frå Nye Ålesund kommune  om å bruke sjukehuset i Volda som gissel i debatten om Nordøyvegen.

– Det er heilt tydeleg at vi her har trakka i ein kvefsebol. Om det er slik Nye Ålesund kjem til å oppføre seg mot nabokommunane framover, så må vi førebu oss på å byggje murar, sa ordførar Amdam i formannskapet, i følge Møre.

– Ingen trussel

Sandøy-ordførar Oddvar Myklebust seier til Møre-Nytt at e-posten ikkje er eit trussel om å trekke støtte til sjukehuset i Volda for framtida.

– Nei, alt eg gjer er å be ordførarane på Søre om å tenkje seg om. Vi må samarbeide på Sunnmøre for å halde på det vi har.

– Men du skriv at det rår egoisme på Søre Sunnmøre?

– Det eg meiner er at det er Nordøyvegen sin tur no til å få noko frå fylkekommunen. Eg vil og ha fram at det ikkje er fylkeskommunen som skal betale heile vegen. Det ligg og inne bompengar og RDA-midlar.

– Er du i posisjon til å uttale deg på vegner av Nye Ålesund, slik det verkar som du gjer i e-posten?

– Eg uttalar med som ordførar i Sandøy. Vi har også nyleg hatt medlemsmøte for Arbeidarpartiet i Nye Ålesund, der det vart gitt full støtte til Nordøyvegen.

E-posten

Her er heile e-posten frå Myklebust til Amdam: "Må sei rett ut det var med stor skuffelse og ikkje lite sinne eg las om samlinga av ordførere frå Søre luten. Det er å forvente at ordførere setter seg inn i finansieringa an Nordøyvegen før dere går til frontalangrep på en veg som har vore planlagt no i over 40 år. Det er også med undring vi i nye Ålesund ser egoismen som rår i Søre luten. Om det er omkamper som er agendaen så er det berre å stå på, vi har mange slike kamper å kjempe, ikkje minst på sjukehussida. Regner med at Volda er avhengig av ein velvillig nye Ålesund kommune.Kan nemne at nye Ålesund kommune hadde medlemsmøte i går og det var full semje om at Nordøyvegen skal og må byggjast no.

Konsekvensane utan vegen kan vi komme tilbake til seinare. Kva vil du sei dersom Volda vart isolert frå kl. 22.00 til kl. 06.15 kvar dag heile året gjennom til evig tid, det er slik vårt næringsliv og våre folk opplever kvardagen.

Nei, Jørgen Amdam, det var meir å forvente av ein professor med kunnskap om samfunnsbygging og samhold enn det du forfekta i møtet på Søre luten.Sjå til din kollega i Ørsta."

Mvh: Oddvar Myklebust."

Jørgen Amdam svarer på denne måten:

«Eg gjer merksam på at vi ordførarane på søre ber om at alle konsekvensane kjem fram, ikkje berre dei lokale men også for resten av fylket m.a. kva utsetjing av skulebygg m.m. som kan kome ved ein sterkt forverra fylkesøkonomi. Vi tek ikkje standpunkt no for eller mot vegen, men ber om realistiske vurderingar. Eg gjer også merksam på at snart 1300 av Volda sine innbyggarar også er fergeavhengige og nattestengt, rett nok med fylkesvegar som ein kan nå «fastlandet» men som i periodar er rasstenkte og som vi har store problem med å få fylkeskommunen til å sikre.»

Denne saka blei først publisert av Møre-Nytt. (Ekstern lenkje).