Rådmann Einar Vik Arset hadde ikkje høve til å svare på spørsmåla frå Vikebladet Vestposten i går ettermiddag før avisa gjekk i trykken, men no har han svara.

Kvifor fekk ikkje NFU uttale seg i denne saka?

– NFU er representert i fellesrådet, svarer rådmannen og viser til at fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne har møte i dag (tysdag).

Kjenner du deg trygg på at brukarane vil få eit like godt tilbod i Holsekerdalen 24?

– Brukarane meiner eg får eit tenleg tilbod også etter flytting.

Har de leigetakar på handa som de veit vil betale 300 000 kr i året for å leige 3. etasje på Reiten?

– Ja, me har ein potensial leigetakar (som skulle hatt klarsignal for lenge sidan, så me får berre sjå om dei framleis er aktuelle) om utfallet blir flytting.