”Burde eg ikkje heller halde meg heime og rydde?” sa det.

Men himmelen var blå – med sol på.

Dermed blir planen effektuert; om å nytte fredag den trettande mars til ei fjørevandring rundt Sula. Klokka halv ti sit eg i ferja og myser mot strålehavet på sørhimmelen bak dei saltflekka og stormpiska salongvindua på bilferja Tidefjord.

Ein svak kuling får båretoppane til å skumme seg - og i Fossholtindane fyk snøen rett ut i verdsromet.

Ei kvinne snakkar engelsk til billettøren. Så går billettøren sin veg og to smågutar kjem springande og set seg attmed kvinna. Dei må vere borna hennar. Men no går det i eit austeuropeisk språk.

Avgang frå Sulesund klokka 10. Vinden spaknar når han kjem inn mot land, som om han møter eit fender av stilleståande luft. På vegen ut mot Nøringset, der eg er etter 45 minutts gange, er det så å seie vindstille.

Langs vegen rår enno snøklokkene som årstidsmarkørar.

Fredag den trettande, ja. Der heng nokre trugande steinblokker oppe under fjellbruna. Dei har vel ikkje valt seg denne dagen ... og i det same kjem ein ambulanse bakfrå og passerer. Om ei lita stund kjem ho igjen. Ho må ha snudd på Nøringset, for der sluttar bilvegen.

Bør eg også snu?

Frå Nøringset er der ein lettgådd kjerreveg ut til Oksevika. Vegen er ein optimal idyll. Eg gir meg tid til å stanse opp og berre nyte det. Frå Oksevika er det rås vidare ut til Eltrane og derifrå til Langevåg.

Råsa går opp og ned, bortetter hyller og inn og ut under eit samanhengande lauvskogsbelte.

Langt til Eltrane

Du trur heile tida at Eltrane er like om hjørnet, men tek stadig feil. Sulafjøra er drygare enn du trur. Fleire gonger må du inn mot fjellfoten for å kunne passere nokre djupe sjakter, som storhavet fyller og tappar i ei evig rørsle. Det underlege er at desse sjaktene er frie for rekvéd og anna rusk.

Eg har forresten begynt å sjå etter fotballar. Sist eg gjekk fjørevegen til Eltrane – 6-7 år sidan må det vere - fann eg ein fotball med påskrifta ”Joachim Torgersen”. Etter nokre telefonar fann eg ut at ballen tilhøyrde ein gut i Egersund – på sørsida av Jæren. Guten hadde sparka ballen på sjøen frå Eigerøya - og så ”trilla” han opp langs kysten og enda til slutt i Eltrevika. Lokalavisa Dalane Tidende rydda framsida til den langreiste fotballen.

Seinare har eg alltid hatt eit vake auge for fotballar i dei mange oppskyljingsvikene som finst her ved storhavet. Ein gong fann eg ein ball frå Sykkylven i vika utanfor Kvitneset. Dei fekk tilbake ballen då dei var på Hareid og spelte kamp. Ein annan gong hadde sonen til den tidlegare Hødd-spelaren og voldingen Vidar Egset sparka fotballen sin ut i elva som går frå Rotevatnet og ned i Voldsfjorden. Eg fann han att i ei oppskyljingsvik på sørsida av Hjørungneshornet.

Det er noko med desse funna som pirrar. Dei teiknar liksom eit ”livsløp” - ein slags biografi. Du ringer eigaren, som gir deg utgangspunktet – og så kan du rekne deg til resten. Straumforhold, tid og distanse.

Spørsmålet ut gjennom hassel- og bjørkeskogen er om eg også denne gongen vil finne ein ball i Eltrevika.

Men før eg når så langt, ligg der ein grønblå bit av ei grein i råsa. Eg plukkar han opp. Eg har av og til vanskar med å skilje grønt frå blått når fargevaløren ligg i grenseland. Av bildet eg tek av pinnen – mot nokre grøne mosegrodde steinar – slår eg fast at denne pinnen er blåare enn mosen.

(NB: Når eg kjem heim, gir Store Norske Leksikon meg fargeforklaringa: ”Grønnved, dannes av noen små sekksporesopper i slekten grønnbeger. Soppvevet skiller ut et grønt fargestoff som farger veden irrgrønn. Vokser på kvister av løvtrær. Den første er vanligst på bjørk, den andre har en mer sørlig utbredelse og er vanligst på eik og hassel”.)

Der låg ballane …

Eg har brukt nesten tre timar frå Sulesund til Eltrane. Når eg stig ut av lauvskogen, aukar vinden på. Finn eg fotballar denne gongen?

Ja, i den ytste vika ligg til og med tre ballar og ventar på å bli oppdaga. To av dei manglar eigarmerking, men den tredje – ein blå og kvit ball - har: Der står «R. Moe Hjelle». Namnekombinasjonen «Moe Hjelle» kjem frå Hareid. Og såpass veit eg at R-en må stå for «Ragnhild». Kan ho ha sparka ballen på Hareidselva? Eller mist han frå ferja på veg til ein cup i Sunnmørshallen?

Det skal bli interessant å få vite. Eg legg ballen i ryggsekken og traskar vidare. Nordsida av Sula – frå Eltrane til Langevåg – blir meir som ein transportetappe, skoglaus og rik på steinar og myrdrag. Skuggelagd er ho også.

”Syklande” austeuropear

Men ikkje før har eg runda neset, så kjem der ein mann på ein sykkel. Eller rettare sagt: ein mann BERANDE på ein sykkel. Han framstår som ein skiløpar i Sahara, for nordsida av Sula er ikkje syklandes. Den umiddelbare tanken er at mannen må vere ein cross-syklist.

Men så viser han seg å vere ein forvilla aust-europear.

Han ser rimeleg betutta ut. Vi kommuniserer på engelsk. Planen hans er å sykle langs fjøra frå Langevåg til Sulesund. Men no hadde han begynt å lure.

Som fersk kjentmann kunne eg love han at; er nordsida av Sula strabasiøs, så er ikkje sørsida betre. - Eg trur du kjem til å mørkne ute før du kjem til Sulesund, seier eg. På engelsk.

Eg veit ikkje om han snudde. Han sette frå seg sykkelen og rusla ned i fjøra, truleg for å meditere. Han bar nok sykkelen på ryggen også dei fem kilometrane tilbake til Langevåg.

Kalvestad

Undervegs på nordsida av Sula passerer eg tuftene til middelaldergarden Kalvestad. Under utgravingane i 1931 fann dei leirskår som fortalde at her må ha stått hus også i folkevandringstida. Ein eldstein er datert til år 500 etter Kristus.

Folket på Kalvestad hadde det skuggefullt – i alle fall i den mørke årstida. Denne fredagen 13. mars badar både Heissa og Godøya i sol, medan Kalvestad er eit dystert skuggeland. Slik må det ha vore den gongen også. Men sommarstida må dei ha hatt sol heilt til ho gjekk i havet utfor Lesten.

I Langevåg ventar eg berre ti minutt før ”Langevågsruta” kjem og fraktar meg over til Ålebyen.

I elva

Kva har så Ragnhild Moe Hjelle å seie til ballfunnet. Eg ringer:

- Det skjedde i fjor sommar. Eg og dottera mi, Lea, leika med ballen ute i hagen. Vi bur like ved Hareidselva. Så kom mørket, og ballen vart liggande ute på plenen. Dagen etter var han vekke. Det er mange born i området, så eg tippar at ein av dei kan ha sparka ballen på elva.

- Vi gjekk og leita ei stund, så kjøpte vi ny ball, fortel Ragnhild.

No har vi det og kan sjå i ånda ballen trille over Sulafjorden – forbi "Tidefjord" og heile kostebinderiet.

Tunet i Oksavika er det ytste huset i Sulastranda, og eit farvel til sivilisasjonen.