Om morgonen, måndag 29. juli, møtte motorsyklisten Jostein Ulstein frå Ulsteinvik eit mindre steinsprang utanfor Kvalnestunnelen i Ulstein. No fryktar han for kva som kan kome ned frå fjellsida, der det før har kome ned stein som har ført til att bilar og autovern har blitt skadd.

– Utanfor Kvalnestunnelen, i retning mot Ulsteinvik og Botnen, såg eg at det låg ein del stein i vegbana. Det såg ut som eit nytt steinsprang der noko hadde rydda vekk ein del av steinen, fortel Ulstein til lokalavisa.

Mykje arbeid i vente

Odd Einar Hjellen, ved avdeling for drift- og vedlikehald i Statens vegvesen i Ålesund, fortel til Vikebladet Vestposten at han har fått melding om eit mindre steinsprang utanfor Kvalnestunnelen på måndag.

– Beskjed om steinspranget fekk eg først på onsdag. Entreprenør er kalla ut for å sjekke omfanget, fortel Hjellen.

Ifølgje Hjellen er fjellskrenten utanfor Kvalnestunnelen ein del av Statens vegvesen sin arbeidsplan for 2014.

– Neste år skal vi setje ein del boltar i fjellet for å sikre oss mot nye ras. I tillegg skal reparere og stramme dagens sikringsnett. Det er ein omfattande jobb vi vil ta føre oss når vårløysinga er ferdig, avsluttar Hjellen.