Tidlegare i år kom det fram at Hareid kommune har problem med å oppfylle kravet om full barnehagedekning til hausten.

Fleire born står utan plass ved opptaket i august, og vil ifølgje kommunen ikkje få barnehageplass før Grønmyr Barnehage, Holstad utvidar i desember.

– Eg har full forståing for at foreldre som har fått avslag på barnehagesøknaden er fortvila, sa ordførar Anders Riise (H) til Vikebladet Vestposten 4. mai.

Tidlegare i sommar sende kommunen ei orientering om saka til fylkesmannen. No har svaret frå Molde kome.

– Vi er uroa for at born med rett til barnehageplass står i fare for å vere utan barnehagetilbod i kommunen frå august til desember, skriv assisterande fylkesmann Rigmor Brøste i brevet til kommunen.

Forventar at barnehageplassar kjem raskt

– Det er gjennom kontakt med kommunen gjort tydeleg at fylkesmannen forventar at kommunen har på plass ei løysing i løpet av august som oppfyller retten til barnehageplass, påpeikar Brøste.

Ho har kalla den politiske og administrative leiinga kommunen inn til hastemøte i Molde tysdag 13. august.

– Vi ønskjer eit møte med kommunen der dei kan gjere greie for situasjonen og korleis dei vil følgje opp plikta til å gi barnehageplassar i samsvar med barnehagelova inntil ny privat barnehage opnar i desember.

I fylgje Anders Riise er det ikkje mogeleg å gå spesifikt inn på kva løysingar kommuna vil presentere for fylkesmannen, sidan både rådmann og kommunalsjef har ferie.

- Det er ingen dramatisk situasjon i Hareid kommune. Alle som klaga har fått plass, og så vidt eg har informasjon om så er det ingen som henger igjen, fortel Riise.

Faksimile frå Vikebladet Vestposten laurdag 4. mai 2013.