Etter at Ulmatec og Hareid Group har sikra seg god sjøtilkomst ved si store utfyllings- og kaiutbygging ved osen av Hareidselva, står no Holstad Rør og Libra Eigedom for tur til å få oppgradert sjøtilkomsten:

I formannskapsmøtet i Hareid tysdag vart det vedteke å legge ut til 1. gongs offentleg ettersyn ein plan for utvikling av Holstad Rør og Libra sine eigedomar i det sjønære Raffelneset industriområde. Hareid kommune kjem også inn som grunneigar.

Sentralt i planen er bygging av nye kailengder i flukt med Ulmatec/Hareid Group sine kaianlegg. Sjølve kaianlegget til Libra og Holstad m/pir har ein dimensjon på 10 mål.

Det er Sporstøl Arkitekter som har utforma planane.

Heile reguleringsområdet er på 83 mål og omfattar både land- og sjøområde.