Dersom ein hjort spring ut i vegen 20 meter framfor deg i ei 80-sone, har du berre eitt sekund på deg på å stoppe.

Sjå video av ein viltpåkjørsel i toppen av saka:

– Dei alvorlige skadene oppstår særleg der hjorten kjem brått på slik at sjåføren ikkje rekk å bremse. Då er det stor fare for at sjåfør og passasjerar vert invalidisert for livet seier informasjonsdirektør Jon Berge i forsikringsselskapet If.

Set du ned farta med 10 kilometer i timen aukar du muligheita til å reagere. Køyrer du i 70 kilometer i timen i staden for 80, minskar du riskoen for ulukket med 50 prosent, syner tal frå Transportøkonomisk institutt.

Med betre rydding av skog og annan vegetasjon langs vegane, vert det lettare å oppdage dyret tidlegare og dermedredusere muligheten for kollisjon.

– I Sverige har dei vore flinke til å rydde langs dei mest utsette vegane, og styresmaktene har svært klare reglar for sikkerhetssoner og gjerder for å hindre viltulukker. I Noreg ser vi at nye vegstrekninger vert betre sikra enn tidlegere. Det er bra, seier Jon Berge.

I tidsromet 1. april 2013 til 31. mars i år vart over 5200 såkalla hjortedyr påkøyrde av bil her i landet, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. 934 av disse var elg, 3618 rådyr, 689 hjort og fire var villrein.

- Ved påkjørsel av dyr er det viktig å varsle lokalt politi og viltnemnd. Dersom du kan stadfeste at dette er gjort, unngår du som kunde hos oss bonustap og du slepp også å betale eigenandel dersom du er uheldig og køyrer på eit dyr, seier Berge.

Sjå videoen på Youtube (ekstern lenke): Slik ser ein viltpåkjørsel ut innvendig i bilen.

Ville du ha klart å stoppe? Foto: If