- 2013 var eit godt år, og dette kjem kundane til gode, seier konsernsjef i Gjensidige, Helge Leiro Baastad.

I Ulstein og Hareid skal 2192 kundar dele 4,7 millioner kroner, noko som i snitt utgjer 2.106 kroner til kvar i kundeutbytte.

Baastad forklarer at kundeutbytte er ein fordel du oppnår som skadeforsikringskunde i Gjensidige.

I følgje Gjensidige har dei i løpet av dei seks siste åra delt ut 20 millioner kroner til kundar i Ulstein og Hareid.