Vestlendingar er flinkast å gi gåver til inntekt for eit veldedig formål. Det viser ei undersøking Plan Norge har gjennomført. 38 prosent av vestlendingane svarar dei har kjøpt slike gåver ein eller fleire gongar.
- Ja, dette var jo gledelege nyheiter. Når vi gjennomsnittleg kjem til å bruke rundt 10 000 kroner på årets julehandel er det flott om noko kan gå til veldeldige formål som å hjelpe born som treng skulegang, helsehjelp, mat og reint vatn, seier Helen Bjørnøy, ålesundar og generalsekretær i Plan Norge.
I den landsdekkande undersøkinga meiningsmålingsbyrået YouGov har gjennomført på oppdrag frå Plan Norge fekk 1000 respondentar i alder 18-74 år spørsmål om dei nokon gong hadde kjøpt gåver der inntektene går til veldedige formål. Folk i Oslo og Akershus ligg like bak vestlendingane på lista, 37 prosent av dei seier det har gitt veldedige gåver.
Trønderar, nordlendingar og austlendingar utanom Oslo og Akershus er dårlegast på å gi alternative gåver. Totalt sett har 1 av 3 nordmenn kjøpt "gåver med meining".
Plan Norge har ein eigen julegåvekolleksjon der inntektene går til deira hjelpearbeid. Heidi Kildebo har spesialdesigna smykke til kolleksjonen.
- Vi i Norge er født med eit vinnarlodd i handa. Derfor ønskjer eg å gi noko tilbake til born som ikkje ønskjer seg noko anna enn reint drikkevatn til jul, seier ho.
Inntektene fra Plans alternative julegaver går til barn sør for Sahara som treng reint vatn, vaksiner, medisinar og helsehjelp. Kvart åttande barn i dette området dør før dei får oppleve sin eigen 5-årsdag av sjukdommar som diaré, malaria og feilernæring.