Det er Asplan Viak, på oppdrag frå Statens vegvesen, som har utarbeidd forslaget for gang- og sykkelveg langs riksveg 61. Dei to kommunane har no fått både hefte med reguleringskart, omtale av planen og eit hefte med tekniske teikningar. Statens vegvesen ber om at dei faste utvala for plansaker i dei to kommunane gjer naudsynte vedtak. Når det er gjort vil Statens vegvesen leggje reguleringsplanen ut til offentleg høyring, innhente og kommentere merknader som kjem inn ved høyringa, og deretter sende planen til Hareid og Ulstein kommune for godkjenning av den delen av planen som ligg i kommunen deira. Vegbreidda på Rv. 61 er tenkt vere den same som i dag, men sør for vegen skal det regulerast inn 3,5 meter med ekstra køyrebane, slik at det blir sett av areal til framtidig veg. Totalt regulert vegbreidd er dermed 10 meter. Gang- og sykkelvegen har ei lengde på 1860 meter.
Nyhende →
Reguleringsplanen for gangveg over Eidet er ferdig
Forslaget til reguleringsplan for gangveg mellom Rise og Varleite er ferdig, og Statens vegvesen vil at Hareid og Ulstein kommunar gjer naudsynte tiltak, slik at reguleringsplanen kan sendast ut på høyring.