Dei fire hurtigladestasjonane vert plassert på Furene i Volda, Moa i Ålesund, ferjekaia i Molde og på Aspøya i Tingvoll kommune.
Grønn kontakt har inngått samarbeid med fire kraftaktørar i fylket: NEAS, Istad, Tafjord og Tussa for å byggje ut hurtigladestasjonar . Prosjektet har og fått støtte frå fleire kommunar og private aktørar, og vi vonar at Transnova vil vere med i spleiselaget for å få opp ein av verdas lengste hurtigladekorridorar for elbilar.
- I følgje Grøn Bil Norge er Møre og Romsdal på veksttoppen i sal av elbilar, og det er derfor viktig at vi som ein regional utviklingsaktør legg til rette for miljøvenleg samferdsel gjennom heile fylket, seier rådgivar Guri Bugge.
Gjennom å støtte opp under denne utbygginga oppfyller Møre og Romsdal fylkeskommune sin del av arbeidet med EL-39. Eit samarbeidsprosjekt mellom dei fire vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
På møtet Miljøutvalet i går vart det og vedteke at det skal utarbeidast ein hurtigladestrategi for Møre og Romsdal fylkeskommune.