Naudetatane rykte måndag ut til Bigset etter melding om røyk frå ein einebustad. Det melder politiet i Møre og Romsdal på twitter.

Det skulle likevel vise seg å vere mindre alvorleg enn frykta. Då naudetatane kom til staden viste det seg at røyken kom frå eit bål og ikkje ein brann. Bålet skal no vere sløkt, melder politiet.