For ei vekes tid sidan gjekk eit jordras over den smale, oppmura turvegen gjennom svaberget frå Kvitneset i retning Buhammaren.

Raset, som har gått i ei breidde på ca 10 meter, har gjort det både problematisk og farleg å forsere fjellsida, som består av fleire glattskura sva med svært tynne mold- og torvlag.

Det har tidlegare kome innspel om at dette er ein skummel veg å gå for dei som er høgderedde og tenker seg vidare mot Buhammaren og Flø. Trimgruppa i Hareid IL, som har hatt post på Buhammaren dei to siste åra, har derfor tipsa om at der er ei alternativ rås over den fjellryggen som den oppmura turvegen går i.

Det var tyskerane som mura opp vegen under krigen.

Det skal også ha gått eit ras i Skolmedalen, som ligg lenger ute mot Buhammaren.