– Vi prøvar å vere restriktive når det er valkamp og det kjem personar frå enkeltparti. Vi ynskjer politikarar hjarteleg velkomen heile tida, men det er ofte eit «rush» i valkampen, og då har vi ikkje ressursar eller tid til å ta hand om både politikarar og media, sa informasjonsansvarleg for Jets, Jan Kenneth Steinsåker, då Vikebladet Vestposten ringde for å få ei forklaring.

For snart to veker sidan hadde Jets besøk av klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H), saman med partifellar frå Høgre i Møre og Romsdal, Monica Molvær (1. nestleiar og kampanjeleiar), Helge Orten (førstekandidat) og ordførar i Hareid kommune, Anders Riise (fjerdekandidat). Då var Vikebladet Vestposten velkomen til å dekke besøket.

– Førespurnaden vi fekk då kom frå Klima- og miljødepartementet og ikkje frå eit enkeltparti. Anders Riise var vertsskap for besøket, sa Steinsåker og la til:

– Men vi prøvar å ynskje alle vi kan velkomen, uansett partitilhøyrsle.

Steinsåker samanfattar besøket til Holen Bjørdal (Ap) som positivt og seier at stortingsrepresentanten var tydleg imponert over det Jets får til, spesielt når det gjeld sanitærutvikling og marknadsdelar.

– Vi har køyrt det same mantraet klart og tydeleg til personar uansett parti: formuesskatt. I og med at Jets har lokalt eigarskap, så kjenst denne skatten godt, fortel Steinsåker.

– Har aldri opplevd dette før

Fredric Holen Bjørdal (Ap) er overraska over at Vikebladet Vestposten ikkje fekk vere med på bedriftsbesøket.

– Det er svært uvanleg at pressa ikkje får vere med, om det ikkje er noko sensitivt bedriftene berre vil diskutere med politikarane, sa Holen Bjørdal og la til:

– Men å stenge døra for eitt parti, og ta i mot eit anna med vidopne armar, har eg aldri opplevd før.

– Gjeld ikkje eit enkeltparti

Vikebladet Vestposten har gitt Jets sjansen til å svare på kommentaren til Holen Bjørdal, og Steinsåker svarar:

– I valkamptida opplever vi eit spesielt auka trykk frå enkeltparti som ynskjer å besøke oss, og då svarer vi at dei er velkomne – men utan media. Dei som då er genuint interesserte i bedrifta kjem likevel, medan dei som berre var ute etter å få valkampreportasjer i avisa brukar tida si andre stader. Utan å nemne namn har andre parti fått denne beskjeden – også i år – og har då valt oss vekk frå besøkslista si, seier Steinsåker og legg til:

– I så måte seier vi oss nøgde med at Bjørdal brukte tid på å bli kjend med bedrifta utan valkampkoplinga, og eg kan forsikre om at dette ikkje gjeld eit enkeltparti. Det har også skjedd tidlegare at vi har hatt besøk frå enkeltparti utan media, men då er det naturleg nok ikkje lett for Bjørdal å få med seg dette ettersom det knapt er omtala nokon stad.

Som kommentar til besøket til klima- og miljøminister Helgesen (H), seier Steinsåker at:

– Førespurnaden då Helgesen var på besøk kom ikkje frå eit enkeltparti, men frå KLD (Klima- og miljødepartementet). No er både statsråden og ordføraren som var vertskap då, frå Høgre – og det kunne nok difor oppfattast som eit «Høgre-besøk». Eg beklagar at Bjørdal kan ha misforstått dette som forskjellshandsaming av parti frå vår side. Det var det ikkje.