(NPK-NTB): Kontroll på forbruket, forventningar om betre lønn, betre matvareprisar og gode rentevilkår er med på å gjere at ein av tre trur dei vil få betre økonomi framover.

Torsdag publiserte Statistisk sentralbyrå (SSB) oppdaterte prognosar for norsk økonomi. I samband med dette presenterte DNB og Sparebanken Vest undersøkingar frå Ipsos MMI og Respons Analyse om forbruks- og spareplanane til norske forbrukarar.

Særleg dei yngre og låglønte trur dei vil få meir å rutte med, medan dei over 40 år i hovudsak trur på uendra økonomi. Optimismen blant dei spurte er omtrent på same nivå som for eit halvt år sidan.

Blant dei spurte seier tre av fire at dei sparar regelmessig, enten det er kortsiktig sparing til reiser og innkjøp eller sparing på lengre sikt, til pensjon eller bustadkjøp. Mange sparar utan å ha noko spesifikt mål, anna enn å ha litt ekstra, ein buffer.

Storleiken på sparesummen og bufferkontoane varierer likevel mykje, og heile 35 prosent av dei spurte seier dei ville fått problem med å betale ein uføresett rekning på 25.000 krone