Lesarfotokonkurransen til Vikebladet Vestposten er klar for nye, flotte lesarbilete. November er ein månad der lyset forsvinn tidlegare og tidlegare om kvelden, men det er ingen grunn for å ikkje leite fram kameraet. Det er nemleg mykje flott lys i mørket og mange situasjonar ein kan fange opp både inne og ute. Dersom du har fanga eit flott motiv med kameraet i november, så er det berre å sende inn ditt bidrag. Det kan gje deg eit flott Lesarfoto-krus.

Tradisjonen tru ønskjer vi ditt beste bilete tilsendt vår konkurranseadresse: lesarfoto@vikebladet.no. Der må du hugse å skrive namnet på fotografen og kvar biletet er teke.

Vi legg ditt bilete ut i ein biletserie straks sjansen byr seg.

Kan bli strekt - endra ljos

Vi har tidlegare fått førespurnadar om vi strekkjer eller endrar ljos på bileta som kjem inn. Det gjer vi ikkje.

Diverre er motoren for opplasting av bilete til nettavisa konstruert slik at mindre uønska endringar kan skje. Vi jobbar manuelt mot dette for å halde ditt bilete i faktisk stand. Det er vi svært opptekne av. Ta gjerne kontakt om du føler biletet ditt har endra seg, slik at vi får høve til å rette opp i dette.