Politiet leitar framleis etter den sakna svenske mannen som ikkje har vore sett sidan natt til laurdag. Tidlegare gjekk politiet ut og sa han hadde på seg ei grå hettejakke, men dei har i dag gått ut og sagt at jakka var blå. Mannen hadde elles på seg ei dongeribukse. Den sakna heiter Jens Gustav Kristoffer Hellström (24) og har dei siste ti vekene arbeidd på ein lokal fiskeforedlingsbedrift.
Få spor
- Me vil oppmode folk som bur i sentrum av Fosnavåg og Huldal om å leite etter på eigen eigedom, opplyser politiet. Store område har blitt gjennomsøkt i helga, men politiet vil ikkje utelukke at mannen er i sentrum. Derfor oppmodast bebuarane i det aktuelle området om å sjekke eigne eigendomar, skjul, bedrifter og liknande. Dette er på grunn av at det kan vere vanskeleg å sjå vedkomande frå lufta eller mørkret. Politiet har få spor å gå etter og det er kome inn lite tips i saka. - Me oppmodar folk som har sett eller høyrd noko i Fosnavåg sentrum natt til laurdag om å ta kontakt med politet på telefon 02800, seier operasjonsleiar Audun Vartdal ved Sunnmøre politidistrikt. Det blir no planlagd ei rundspørjing i Fosnavåg sentrum for å prøve å finne ut om det er nokon som har gjort nokre observasjonar natt til laurdag. - Det er framleis håp om å finne Hellström i live og me vil framleis sette inn fleire ressursar i løpet av dagen, seier Vertdal. Politiet held fram leitinga i dag og dei vil nytte seg av Raude Kross, Sivilforsvaret og Norske redningshundar. Det er bede om bistad til nye helikoptersøk i løpet av dagen.
Meldt sakna laurdag kveld
Politiet og frivillige mannskap frå Raude Kross har sidan laurdag kveld klokka 21.00 søkt etter 24-åringen. Mannen vart sist observert i Fosnavåg sentrum omlag klokka to natt til laurdag 2. mai. Det er òg gjort søk med hundeekvipasjon frå Norske redningshundar utan resultat så langt. Helikoptersøk pågår. Redningsskøyta Emmy Dyvi og mannskap frå sivilforsvaret har òg delteke i leiteaksjonen.