Sparebanken Møre annonserte for ei tid tilbake at bankbygget på Hareid var til sals. På spørsmål frå Vikebladet Vestposten stadfester Bjørn Bjåstad at det er familieselskapet "Bjåstadbakken", som har kjøpt bygget. Med i selskapet er Bjørn Bjåstad, kona Vigdis Teigene Bjåstad og dei fire borna deira. Kva pris dei måtte gi for bygget vil ikkje Bjåstad ut med. Men han fortel at dei har danna eit nytt selskap, Strandgata 72, som leiger bygget av Bjåstadbakken. - Målet vårt er å vidareutvikle bygget. Vi har leigeavtale med Sparebanken Møre i første og deler av andre etasje. Men tredje etasje, og delvis andre etasje står tom, og vi er i samtale med fleire interessentar som kan tenkje seg å flytte inn, fortel Bjørn Bjåstad.