Hurtigruten melder at MS Trollfjord, som skulle gått sørover frå Trondheim torsdag, og nordover frå Bergen, i dag vesle-julaftan, framleis ligg i Trondheim. Dette på grunn av uver på Vestlandet, melder Hurtigruten i ei pressemelding.
Førebels plan er at skipet skal segla nordover igjen i samsvar med vanleg ruteplan 1. juledag.
Også MS Kong Harald blir liggande i Trondheim, og førebels plan er seglas nordover frå 2. juledag.
MS Lofoten må kansellere fleire hamner i Hordaland og Møre og Romsdal 1. og 2. juledag. MS Lofoten seglar i oppsett rute sørover til Kristiansund på julaftan som planlagt. Skipet blir liggande i Kristiansund til over jula.
Kraftig lavtrykk på veg. Smp.no har vore i kontakt med Meteorologisk institutt i Bergen. Martin Granerød opplyser at der ser ut som eit kraftig lavtrykk er på veg.
Førebels er dt vanskeleg å seie kor sterk vinden blir, men andre juledag startar med vind frå sørvest sterk kuling til liten storm på kysten og i fjellet. Og i løpet av dagen dreiar vinden over til nordvest, åtvarar statsmeteorologen.