Ti på to i natt fekk politiet melding om at nokon hadde hive stein på eit hus i Ulsteinvik. To vindaugsrute hadde knust. Gjerningspersonane køyrde derifrå i to bilar.

Sloss i Sjøgata

Like før halv fire natt til sundag kom politiet over to personar som sloss i Sjøgata i Ulsteinvik sentrum. Partane skvære opp og gjekk kvar til sitt.

Slått ned i Hjørungavåg

Ein mann tidleg i tjue-åra vart slått ned i Hjørungavåg natt til sundag.

Saka vil bli meldt. Gjerningsmannen er kjent.

Promillekøyring

Like før halv seks i dag tidleg vart ein mann teke for promillekøyring. Bilføraren prøvde å undra seg politikontroll, men vart innhenta av politiet på Hareid. Mannen i midten av tjue-åra var rusa. Han blåste godt over lovleg grense på alkometeret.

Føraren vart teke med til legevakt for blodprøvetaking. Poltiet tok i frå han førarkortet på staden.