Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil lovfeste kva skulane skal gjere når barn blir mobba, og gje dagbøter til skular som ikkje følgjer opp. Samtitid styrkast kampen mot mobbing i barnehagen.

– Mange born blir mobba kvar dag.  Det er forferdelig vondt for det einskilde barnet, og det er også eit alvorlig samfunnsproblem. I tråd med tilrådinga frå Djupedalutvalet vil me difor innføre ei aktivitetsplikt for skulane som gjer at dei kan handle raskt og effektivt når dei oppdagar mobbing. Ingen skal kunne snu seg vekk, seie at dei ikkje visste eller la vere å gripe inn, seier kunnskapsministeren i ei pressemelding.

Kan straffast økonomisk

Regjeringa vil også endre lova slik at kommunar og andre skuleeigarar som ikkje følgjer opp pålegg, kan bli straffa økonomisk.

– Me må ha eit ris bak spegelen. Eg vil difor lovfeste ein heimel for å gje dagbøter dersom skulen ikkje gjer det dei skal, varslar Isaksen.

Han vil greie ut om dagens regleverk i stor nok grad gir høve til  skifte ut skuleleiinga som over tid ikkje handterer mobbesaker godt nok.

Plikt til å informere

Regjeringa vil innføre plikt til å vidareføre plikta for skulen til å jobbe systematisk for at regelverket skal følgast, og innføre ein plikt til å informere elevar og foreldre om rettane deira.

– Både elevar og foreldre skal vite kva dei kan krevje av skulen og korleis dei kan ta saka vidare. Til hausten vil me også ha klar ein portal som enkelt forklarer foreldre og born kva dei kan gjere om barnet blir utsatt for mobbing. Den skal rette seg mot både skule- og barnehagebarn, fortel kunnskapsministeren som også vil opprette ein eigen telefon- og chat-teneste for born som opplever mobbing.

Startar i barnehagen

Regjeringa vil styrke kompetansen til dei vaksne i skulen, barnehagen og kommunen. Kunnskapsministeren meiner barnehagane må delta meir aktivt i det langsiktige antimobbearbeidet. Arbeidet mot mobbing må starta alt i barnehagen. I tillegg til at dei vaksne skal få lære meir om korleis førebyggje og avdekke mobbing, vil regjeringa i den nye rammeplanen for barnehagen sette tydelege krav til antimobbearbeidet i barnehagen.

Han varslar også om at dei styrkar innsatsen mot digital mobbing.